MiniMaks A/S

MiniMaks er det første CE-godkjente tautrekket for skianlegg i Skandinavia.

Med sin enkle konstruksjon og sikre drift, er MiniMaks eit godt val for mindre skitrekk.
(Certification No. 05325)
MiniMaks er eit avansert skitrekk med lågtliggande line. Det er eit flott og ideelt skitrekk for idrettslag, skiskular, hoppbakkar, hotell og supplering i større skisenter. Skitrekket kan du få levert med køyrelengd frå 70 – 300 meter, og med motor på 5 eller 10 hk. Med MiniMaks får de ein skreddarsydd skiheis for dykkar bakke.

Eit stort pluss med MiniMaks er at det er ein svært flott barneskiheis. MiniMaks har ei slakk line med trådkuler, som det ikkje finst mange av i verda i dag. Stram wire og harde medbringarskraft finn de ikkje her. MiniMaks er laga for å vera enkelt og trygt, noko som gjer det svært flott for ivrige nybegynnarar som har tenkt å bli flinke på ski.

MiniMaks sin driftsstasjon
MiniMaks har stort drivhjul, automatisk kjedestramming og valfri skøytemetode. MiniMaks er rimeleg i innkjøp og billeg i drift. Årsaka er at trekket er oppbygd av enkle, solide komponentar. Ein stor fordel er at drivstasjonen kan plasserast kvar som helst i traseen. Dette er ikkje tilfelle hos mange andre skitrekk.