Elektrisk felås

Elektrist felås på grusDen elektriske felåsen til Uglum Maskin er eit populært produkt. Dei gamaldagse ribbe-(røyr)risene har vore ei årsak til mange dyretragediar. Den elektriske felåsen kan leggjast direkte på vegbana utan større inngrep. Kvart element er laga av ei jarnplate ca 0,5 meter brei og så lang som vegbreidda, til dømes 3 meter.
Plata er isolert frå vegbana med ei 5-6 millimeter tjukk plastplate. Elektrisk gjerde-straum vert kobla til jarnplata, og dyra får straum i beina når dei kjem innpå. For å hindra at dyra hoppar over legg ein to element etter kvarandre i vegretninga med 0,6 til 0,8 meter avstand. Hopplengda vert då 1,6 til 1,8 meter eller meir etter ynskje.

Elektrisk felås kan leggjast både på grus og på asfalt. Asfalt er elektrisk isolerande og må difor ha jordingsplater i tilegg. Hopplengda vert då 2 meter.
Elektrisk gjerdestraum er ufarleg for folk og dyr. Folk kan gå trygt over felåsen med normalt skotøy som er i orden, utan å få straum i seg. Men ein bør unngå å ha elektrisk felås nær til dømes badeplassar, barnehagar eller skular der det ofte hender at barn går berføtt. Det skal alltid vere ei grind på sida for gjennomgang.

Det er og svært viktig at det ikkje blir salta nærare enn 100 meter på kvar side av felåsen, då salt fører til kortslutning.